Leder [tilt] 3 / 2011 – om informasjonsfaget i valgfag på ungdomstrinnet

Av Elisabeth Sølvberg Aase, styreleiar i Mediepedagogene

I Meld.St. 22 (2010-2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter kjem det framlegg om valfag på to timar per veke på ungdomstrinnet som skal vera tverrfaglege, og praktisk retta. No i haust ligg utkast til åtte valfag ute på Udir sine nettsider. Desse skal setjast i verk for 8. trinn frå hausten 2012.  Valfag på alle tre ungdomstrinna skal liggja klare frå og med hausten 2014.

To av faga som no ligg som utkast, har relevans for oss i Mediepedagogene: dei som per dato har arbeidstitlane Produksjon for sal og scene, og Produksjon av informasjon. Av desse er sistnemnde sterkt knytta opp mot mediefeltet. Desse faga er i pulje 1, – noko som vil seia at det kjem høyringsutkast med høyringsfrist i vår, slik at skulane kan tilby dei frå kommande haust.

Produksjon av informasjon er eit fag som skal knyttast tett opp til nettet. Ifølgje føremålet i utkastet skal opplæringa tilby «praktisk arbeid med etablering og drift av en nettbasert publikasjon knyttet til skolens hjemmeside.»

Aktuelle spørsmål som me i Mediepedagogene stiller her, er til dømes kven skal undervisa i eit slikt fag? Tenkjer ein seg norsklærar og/eller samfunnsfagslærar, sidan valfaga skal vera tverrfaglege?? Kva mediefagleg ballast har i så fall lærar(ar) som må/vil ta på seg eit slikt fag? Per i dag veit me at ein heil del lærarar i ungdomsskulen diverre gjer lite ut av dei medierelaterte emne som finst i dei aller fleste læreplanar (ikkje minst i norsk og samfunnsfag!) – av den enkle grunn at dei ikkje har god nok bakgrunn.

Mediepedagogene meiner at dei som skal stå for undervisninga i dette faget, må ha ein solid mediefagleg plattform, slik at elevane kan få læra mykje, sjølv om det berre er eit totimarsfag.

Når no fleire valfag i ungdomsskulen skal innehalda tydelege mediefaglege linjer, reknar Mediepedagogene med eit vesentleg sterkare fokus i lærarutdanninga  på medierelaterte emne – noko som altfor lenge har vore mangelvare!

Du kan laste ned [tilt] nr 3/2011 her