– Lokalavisa er ryggrada i Avis-Norge

«Vi må ta ho på alvor før det er for seint», skriv medievitar Marie Havnen i ein kronikk i Bergens Tidende.

Nedsnakka og nødvendig

Skriven av Marie Havnen, medievitar og frilansfotograf. Publisert i Bergens Tidende 24. juni 2014.
Krisa i norsk presse starta i dei store laussalsavisene. Lenge klarte dei mindre lokalavisene seg godt, men no startar problema her også. Andre medium fungerer godt på riks- og regionnivå, men berre lokalavisene gir ei brei dekning av dei enkelte lokalsamfunna.
MEDIEVITAR: Marie Havnen. <div class='byline'><img class='hair-line' src='http://www.mediepedagogene.no/wp-content/themes/mediepedagogene-theme/dist/images/sidebar-author-bottom.png'><br>Foto: Vegard Fimland<br><img class='hair-line' src='http://www.mediepedagogene.no/wp-content/themes/mediepedagogene-theme/dist/images/sidebar-author-bottom.png'></div>
MEDIEVITAR: Marie Havnen.

Det har vore ei oppfatning av lokalavisa som logrande selskapshund som berre tar opp hyggelege saker som er positive for lokalsamfunnet, men slik er det ikkje. Lokalavisa er også ei bjeffande vaktbikkje. Det er nettopp lokale dagsaviser, storbyaviser og distriktsaviser som utgjer ryggsøyla i det norske avissystemet.

Opplyste avgjersler

Sjukehusstriden i Sogn og Fjordane viste at lokalavisa spelar ei viktig rolle i lokalpolitiske saker. Striden handla om sjukehusstrukturen i fylket og avstanden til helsetilbod. I 2010 var utgangspunktet for debatten at Helse Førde måtte kutte 150 millionar kroner og at dagens struktur med lokalsjukehus på Nordfjordeid og i Lærdal, samt sentralsjukehus i Førde ikkje var berekraftig ifølgje føretaket. I løpet av fire månader i 2010 skreiv lokalavisene Fjordabladet og Firda, og regionavisa Bergens Tidende (BT) til saman 560 artiklar om striden.

Ei dei viktige oppgåvene til media er å spreie bodskap om viktige hendingar. Gjennom at vi som innbyggjarar får brei og omfattande informasjon kan vi fatte opplyste avgjersler ved val og utøve reelt folkestyre. Mi kvantitative undersøking viser at det i hovudsak er lokalavisene som dekkjer sjukehussaka. Dei dekkjer saka breitt, både i omfang og sjanger, med høvesvis 249 artiklar i Firda og 243 i Fjordabladet. Hos begge dominerer nyheitsartiklar og debattinnlegg. Til samanlikning presenterer BT 68 artiklar, men dekkjer hovudsakleg striden gjennom notisar og dernest nyheitsartiklar.

Alle avisene har god kjeldebreidd som tyder på at dei har fylt idealet om at ulike syn skal kome til uttrykk. Viss ein legg til grunn at det er ønskjeleg at avisene skal dekkje saka gjennom eit breitt spekter av sjangrar, viser undersøkinga at alle avisene oppfyller idealet, men lokalavisene i særskilt grad.

Vi forventar at media skal vere vaktbikkje, overvake dei som har makt i samfunnet og fungere som ei fjerde statsmakt. Analysen min kunne ikkje sjekke om journalistane har drive gravande journalistikk i sjukehussaka, men likevel ser eg at alle avisene presenterer artiklar som rettar kritikk mot dei med makt i behandling av saka. Om lag 50 prosent av artiklane i Fjordabladet, 40 prosent i BT og 30 prosent av sakene som står på trykk i Firda ytrar kritikk mot Helse Førde helseføretak.

Standpunkt på kommentarplass

Avisene har i ulik grad tatt standpunkt i favør lokalsjukehusa og i favør eit sterkt sentralsjukehus på kommentarplass. Fjordabladet på Nordfjordeid opererer i størst grad som sjølvstendig aktør ved at avisa i 79 prosent av leiar- og kommentarartiklane om saka tek lokalsjukehuset i forsvar. På nyheitsplass er i overkant av 2/3-delar av artiklane vinkla i same favør som avisa sitt standpunkt på leiarplass, medan berre ein prosent av artiklane er vinkla i favør sentralsjukehuset. Dei to andre avisene har i større grad vore balanserte her. Fjordabladet sitt standpunkt speglast altså i stor grad i nyheitsdekninga til avisa, Firda sitt kan skimtast, medan BT sitt ikkje viser i det heile. Om vi set det som eit ideal at avisa sitt standpunkt ikkje i overhengande grad skal reflekterast på nyheitsplass, har BT og Firda oppfylt idealet, trass i at avisa tek standpunkt på kommentarplass.

Om vi set det som eit ideal at avisa sitt standpunkt ikkje i overhengande grad skal reflekterast på nyheitsplass, har BT og Firda oppfylt idealet

Ei strukturomlegging av helsetilbodet får størst konsekvensar for nettopp lokalsamfunnet som Fjordabladet dekkjer. Avisa spelar derfor ei viktig rolle som lim i lokalsamfunnet og ser ut til å fungere som eit internt organ for publikum som truleg har massiv støtte til lokalsjukehuset.

På den eine sida kan vi hevde at avisa her er for aktiv med sitt sterke standpunkt og eigne løysingar, men samstundes er det berre lokalavisa som ser verda gjennom akkurat desse lokale brillene, og kven talar innbyggjarane si sak om ikkje lokalavisa gjer det? Sett utanfrå må det likevel påpeikast at dagsorden avisa set er så patriotisk at den kan svekkje avisa si gjennomslagskraft overfor aktørar utanfor lokalsamfunnet.

Innlegg frå folk flest

Media skal også sikre plass for og aktivt medverke til debatt om viktige samfunnsspørsmål. Dei tre avisene har prioritert sjukehussaka i ulik grad på debattplass. Firda har 64 innlegg på trykk og Fjordabladet 58, begge har prioritert saka og sjangeren utgjer ein stor del av dekninga til avisene. BT på den andre sida har prioritert langt færre debattinnlegg om temaet, men alle tre har sett av plass til meiningsutveksling.

Det er interessant å sjå på kven som kjem til orde. I lokalavisene er det nemleg privatpersonar som i størst grad er prioritert der dei står for nesten halvparten innlegga. Av dei ni innlegga BT trykte, er nesten halvparten skrivne av politikarar og berre to av privatpersonar.

Det er i hovudsak på debattplass, ikkje på nyheitsplass, at folk flest kjem til orde med sine synspunkt i sjukehussaka. Undersøkinga viser dermed at lokalavisene, i mykje større grad enn regionavisa, legg til rette for at folk flest kan ytre seg i lokalpolitiske saker som sjukehussaka og det er vanskeleg å førestelle seg ein mangfaldig debatt i saka utan desse. Dermed står lokalavisene fram som spesielt nødvendige som arena for meiningsutveksling i det offentlege ordskiftet. Forsvinn desse, forsvinn også premissane for ein del av den lokale debatten.

Pressestøtta er avgjerande

Ut frå kvar sine perspektiv teiknar avisene ganske så ulike bilete av kva sjukehussaka handlar om. Sjukehusstriden viser at vi treng ein mediepolitikk som legg til rette for at ulike syn kan kome til orde gjennom ulike kanalar. Pressestøtta er avgjerande for å halde oppe mangfaldet, eit kutt her vil truleg ha motsett verknad. Dessutan er det viktig å stille krav til kvalitet i lokaljournalistikken på lik linje med anna journalistikk, nettopp fordi det er fare for at rolla som patriot skuggar over rolla som kritisk korrektiv.

Det står fram som særskilt viktig for at folk skal kunne ta opplyste val i lokaldemokratiet. Det er ikkje lett å spå kva som vil vere den beste vegen å gå politisk – men med tanke på kvalitet er i alle fall kutta i redaksjonane er eit steg i feil retning. I den pressa økonomiske situasjonen i dag må vi for all del ikkje undervurdere lokalavisene, men heller sikre at dei finst også i framtida.