Handlingsplan 2016-2017

1. Målretta arbeid med mediefaga i den vidaregåande skolen
a. Følgja tett og aktivt utviklinga av det nye utdanningsprogrammet medium og kommunikasjon (MK) slik:
– på nettstaden mediepedagogene.no
– via konferansar, møte, kurs
– via kontakt med MK-lærarar i landet, Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet, Faglig råd for Medier og kommunikasjon (FRMK), politikarar, andre aktuelle

b. Leggja til rette for vidare diskusjonar rundt vurderingar av programfaget medie- og informasjonskunnskap.
Aktuelle tema:
– på nettstaden mediepedagogene.no
– eksamen, vurdering, læringsressurser

2. Arbeida vidare med ulike tiltak for å styrkja den mediekompetente læraren på alle trinn i skolen
Ei viktig målsetting for Mediepedagogene er å jobbe for at mediefaglege perspektiv knytte til digital kompetanse vert ivareteke i grunnopplæringa. Arbeid med kompetansemål som går på samansette tekstar og/eller multimediale uttrykk i til dømes dei nye læreplanane for engelsk, norsk og samfunnsfag, skal prioriterast med tanke på tekstproduksjon, kritisk vurdering og analyse.

3. Arbeida for å styrkja mediekompetanse i lærarutdanninga
Dei aller fleste læreplanar i grunnopplæringa har eitt eller fleire medierelaterte kompetansemål. Sjølvsagd må difor alle lærarane ha god mediekompetanse for å kunne gjera jobben sin bra. Dei må vera i stand til å styrkje elevane sin mediekompetanse i det medie- og informasjonssamfunnet dei unge lever i.
Lærarstudentar har gjennom mange år fått altfor avgrensa og tilfeldig opplæring innan medie- og kommunikasjonsfag, noko som har ført til låg mediekompetanse.

4. Arbeida for å styrkja kunstfaga i skolen
Her er det viktig å samarbeida mellom anna med dei andre organisasjonane i Fellesrådet for kunstfagane i skolen (FKS) og andre me har felles interesser med.

5. Satsing på web og sosiale media
– nettstaden www.mediepedagogene.no med informasjon og diskusjon om faglege, politiske og pedagogiske spørsmål
– videre satsing på FB-siden til Mediepedagogene
– synleggjering på Twitter

6. Arrangement, eigne og i samarbeid med andre
– årvisst hovudansvar for medielærarseminar i mai 2016 i Bergen
– leggje til rette for god deltaking av medielærarar på det årlege arrangementet Nordiske Mediedager i Bergen
– årvisse ansvar for fleire sesjonar på NKUL-konferansen i Trondheim 2016
– årvisst seminar i mediefaglige emne på interkommunal planleggingsdag i november 2016 i Bergen, dette seminaret skjer i samarbeid med Avis i Skolen Hordaland
– foredragskveldar i samarbeide med FKS

7. Samarbeid vidare med
– Avis i Skolen
– Amandus-festivalen
– organisasjonen FilmReg
– utdanningsmyndighetene på nasjonalt-, fylkes- og kommunalt nivå
– forskarar og utdanningsmiljø i høgare utdanning
– ulike mediehus

8. Arbeida intensivt for å skaffe midlar til daglig leiar i 100 % stilling

Styret fordeler sjølv ansvarsområda mellom medlemmar og varamedlemmar

Vedteken på styremøte i Mediepedagogene 19. april og årsmøtet 11. mai 2016

Kyrre Brekke Haakaas, styreleiar