Av: Elisabeth Sølvberg Aase, styreleiar

Kjære lesar.

I 2011 markerer LMU 40-årsjubileum!
Går ein attende til 1970-talet, fantest det ikkje mediefag i norsk skule slik vi har det no. Ein del skular hadde film som valfag, – noko som ofte var totimarsfag med eller utan karakter.
I 1971 starta entusiastiske lærarar eit filmlærarlag. Dette var opptakten til  Landslaget for medieundervisning, som vart namnet på laget etter nokre år, i og med at ein etter kvart også fokuserte på andre medium enn berre film.

Mykje har skjedd med mediefag og medieemne i skulen i løpet av 40 år.  I Noreg kjem det tydeleg fram i grunnopplæringa sine læreplanar i Kunnskapsløftet at me lever i det digitale mediesamfunnet. Me finn ei rekkje mediefaglege kompetansemål i dei aller fleste læreplanar i grunnskulen. I den vidaregåande skulen gjeld det same. I tillegg har me der både det yrkesfaglege utdanningsprogrammet medium og kommunikasjon, og programfaget medie- og informasjonskunnskap, som ligg på utdanningsprogram for studiespesialisering. Samanlikna med andre land i Europa er fokus på mediesamfunnet sterkare i våre læreplanar enn andre stader. Det tyder at ein heil del born og ungdom i norsk skule skal få gode kunnskapar om og få utvikla solid kompetanse i ulike sider ved media, både teoretisk og praktisk.

Frå 1971 har LMU først og fremst engasjert seg i utviklinga av ulike mediefag og medieemne i skulen, og i kursing av lærarar. Laget har mykje å vera stolt av! Det har vore viktig å arbeida med at ikkje spriket vert for stort mellom lærarane sin kompetanse på mediefeltet og det elevane har krav på.

40-årsjubiléet i år vert mellom anna markert på den årvisse landskonferansen for medielærarar i Bergen 11. mai.

I jubileumsåret vil nettstaden www.lmu.no få nytt uttrykk.

Namnet Landslaget for medieundervisning vert endra til Mediepedagogene.

Styret vonar at jubiléumsåret 2011 vil syna eit sterkt engasjement for mediefag og medieemne i norsk skule, slik tradisjonen no har vore i 40 år!

Voss i januar-11

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.