Intervju med Øyvind Vågnes om romanen Sekundet før
av Per Terje Naalsund

Forfattaren Øyvind Vågnes er forskar ved Universitetet i Bergen, der han i 2007 disputerte med ei doktorgradsavhandling om korleis «Zapruderfilmen» har sirkulert i den visuelle kulturen sidan drapet på John F. Kennedy i 1963.

Hans tredje roman, Sekundet før, kom ut på slutten av fjoråret. Denne boka handlar i stor grad om det å ta og det å sjå bilde. I boka er dei to hovudpersonane ein ung avisfotograf og ein ung kunstkurator med særleg interesse for fotografi, og dei to vert uforvarande vitne til at ein mann set fyr på seg sjølv utanfor kunstmuseet. Hendinga fører fotografen i konflikt med avisredaksjonen og får kuratoren til å kjenne på skilnaden mellom bilde og erfaring. Eit tredje plan i romanen er dei mange korte historiene om korleis fleire av dei mest kjende og sensasjonelle fotografia i fotohistoria har påverka livet til fotografen på dramatisk vis. Til saman blir det ein roman som gir innsyn i fotohistoria, i etikken til fotoet og i korleis ein ser på bilde.

Vi har snakka med bildeteoretikaren Øyvind Vågnes om korleis forfattaren Øyvind Vågnes har fletta inn sentrale spørsmål om bildekulturen vår i romanen.

Du har sagt at skrivinga av boka byrja med ein idé. Kva var den opphavlege idéen?

Eg har brukt store delar av det siste tiåret på å skrive om eit 8 mm-amatørfilmopptak på under eit halvt minutt, nemleg det Abraham Zapruder filma av Kennedy-mordet i 1963.
Noko eg ikkje har skrive så mykje om, men som eg har tenkt mykje på, er skuldkjensla Zapruder vart overmanna av då han vart sitjande på eit slikt opptak. Han fortalde om ein draum der han var på Times Square i New York og såg at snutten vart vist på stort lerret, og at hordar fann vegen inn for å sjå. Det gjorde han uvel å tenkje på det.

Eg hadde lyst til å skrive om mangelen på kontroll som kan gjere seg gjeldande når enkeltmenneske vert sitjande på slike filmopptak og bilde, og eg ville plassere forteljinga midt i vår eiga tid. Det var idéen. Denne interessa for ei slags skuldkjensle vitnet vert sitjande med, gav etter kvart form til begge hovudforteljingane i romanen min – både den om fotografen Jonathan, som ender opp med å filme eit menneske som set fyr på seg sjølv, og om kuratoren Kaja, som vert vitne til hendinga.

Denne mangelen på kontroll over mentale bilde kjem til syne hos dei fleste sentrale personane i boka di. Han som set fyr på seg sjølv, er plaga av minne frå krigshendingar.  Fotografen Jonathan må få orden i kva som hende då han filma mannen som sette fyr på seg sjølv i tillegg til at han det han sjølv blei utsatt for då han var på fotooppdrag i Afghanistan. Hos Kaja speler til en viss grad draumar denne rolla. Ho veit ikkje kva draumane vil ho, men det verkar som om dei er viktige. Ser du nokon skilnad her på fotografi, videoopptak, minne og draumar?

Dette er store og omfattande spørsmål som det har vorte tenkt og skrive mykje klokt om, og som aldri vil finne endelege svar. I vår tid er minnebilda våre tett samanvevde med fotografi og filmopptak både frå det vi kan kalle våre private arkiv og frå den massive bildestraumen vi møter gjennom ulike media, og ofte på uutgrunneleg vis. I ei bok om dette, Tangled Memories, påpeikar amerikanske Marita Sturken at det finst fleire tilfelle der Vietnam-veteranar blandar i hop minnebilde og ulike kulturelle framstillingar – som til dømes spelefilmar og fotografi – når dei tenkjer tilbake. Det er jo sjølvsagt faktiske skilnader på minnebilda, som er immaterielle og i ein djup forstand uhandterlege, og på ulike fotografiske bilde, som er materielle i den forstand at dei viser seg for oss gjennom ulike bildemedia. Men som romanforfattar likar eg å gå inn i augeblikk der det går føre seg  overlappingar mellom desse sfærene du nemner, der mangelen på kontroll vert særleg tydeleg, og slike augeblikk er ofte knytta til det traumatiske, til augeblikk menneske prøver å gløyme. Då er det ikkje alltid at grensene mellom det mentale og det materielle bildet er så tydelege for dei som er involverte.

Vil du seie at bilde generelt alltid meir eller mindre er ute av kontroll?

Bilda er heilt klart meir eller mindre alltid ute av kontroll, men særleg når det dreier seg om bilda det er vondt å sjå på – enten det no er dei i minnet, eller dei på avissida eller på skjermen.

Kva vil du seie er det særegne med dei fotografiske bilda?

Fotografiet – det som i fotolitteraturen har vorte kalla det frosne augeblikket – har ei særleg kraft over korleis både individuelle og kollektive minne finn form over tid, men også over korleis nye generasjonar tenkjer seg det fortidige. Måten vi hugsar på er prega av at materielle bilde og minnebilde på eit vis nærer på kvarandre. Kjende fotografi vert lada av våre eigne minne og erfaringar, og på den andre sida ber vi med oss fotografia vi har sett i møtet med andre bilde og erfaringar.

Spørsmålet om skilnader i korleis fotografiet og filmopptaket pregar måten vi hugsar eller diktar opp fortida på, er i seg sjølv stort og viktig. I arbeidet mitt med Zapruderfilmen har eg fått rikeleg tid til å tenkje på dette. I klippet ser ein presidentens hovud eksplodere, og dette fordra ei viss varsemd i korleis ein skulle handtere materialet i mediene. Enkeltståande rammer frå 8 mm-filmen vart publisert i LIFE Magazine mange år før filmen vart vist offentleg, og difor hugsar mange som levde då Kennedy døydde hendinga som gjennom ein serie fotografi. For ungdommar i dag, i den grad dei kjenner til Zapruderfilmen, er det gjennom Oliver Stones JFK, dataspel, eller YouTube. Dette store sameksisterande utvalet av medier og plattformer gjer at vi hugsar hendingar gjennom ein miks av ulike bildeuttrykk: fotografi, filmklipp, i eit sett av ulike medier. Det kan vere ei forvirrande erfaring, ikkje minst for dei som vert aktørar oppi det heile – slik som Jonathan i romanen min.

Eg skal prøve å vende tilbake til Sekundet før. Mange skriv for tida om bilde og om kunsten å lese bilde og foto. Ikkje så mange skriv om korleis det er å vere ein som tek bilde. Men akkurat det gjer du i Sekundet før. Med Jonathan Becker har du måttet byggje opp eit livsløp og ein personlegdom for ein fotograf. Kan du seie noko om kva du tenkte deg kjenneteiknar ein fotograf?

Fotografar er nok like ulike kvarandre som enkeltmenneske i andre yrkesgrupper. Dei eg har vorte kjende med opp gjennom åra har eit godt blikk for ein situasjon og korleis denne skal kunne sjå ut i eit fotografi. Dei har hurtig reaksjonsevne. Dessutan har dei vel ikkje vore prega av romantiske førestellingar om kva fotografiet er eller kan vere, men har snarare vore pragmatisk orienterte, og meir opptekne av handverk og teknologi enn filosofiske refleksjonar rundt bildet. Denne lengten etter å ta eit «stort» fotografi har kanskje noko gammalmodig over seg i vår tid, der så mange bilde vert tekne? Og likevel må jo ein slik lengt vere levande der ute. Det hadde vore interessant å høyre kva aktive fotografar tenkjer om dette, både dokumentar-, presse- og kunstfotografar, i tidsalderen til det digitale bildet.

Jonathan, som av vener på spøk blir kalla nett «Fotografen», er i tvil om han vil halde fram med å ta bilde. Og denne tvilen er til stades lenge før han møter mannen som set fyr på seg sjølv. Til ein viss grad kan ein seie at tvilen har meldt seg etter at han opplevde attentatet, men problemet hans verkar aller mest å vere at han finn alle bilda sine ordinære. Kva vil du seie har skjedd med han – og blikket hans for bilde?

Vil du lese mer? Resten av artikkelen er bare tilgjengelig på pdf. Last ned fullstendig artikkel her.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.