Som Mediepedagogene tidlegare har skrive, ligg det no ute høyringsutkast på læreplanar med frist 5.mars.
I denne runden er det dei såkalla gjennomgåande fellesfaga det gjeld, og det er ein heil del kompetansemål knytta til mediefeltet i desse.
Behov for mediekompetanse
Styret i Mediepedagogene hadde høyringsutkasta fil faga engelsk, norsk og samfunnsfag oppe på styremøtet i førre veke. Det syner seg at skulestyresmaktene meiner elevane skal arbeida på ulike måtar på alle trinn med medierelaterte kompetansemål.
Det tykkjer Mediepedagogene er fine signal! Men lærarutdanninga må koma etter, slik at ein er i stand til å møte desse måla i praksis. Per dato er det svært lite i denne utdanninga som dyktiggjer framtidige lærarar til å verta kvalifiserte til desse oppgåvene.Mellom anna er det snakk om det utvida tekst- og leseomgrepet, som inneber mellom anna å arbeida med samansette tekstar.
- Les: Her finn du alt som omhandlar mediefeltet i læreplanane til faga – utheva i gult: Engelsk | Norsk | Samfunnsfag
Én kommentar