Mykje ved dagens MK må inn i det nye utdanningsprogrammet!

Onsdag 28. august var det idémyldringsmøte i Oslo om omlegginga av utdanningsprogrammet Medier og kommunikasjon.

– Det kom fram mange viktige erfaringar ein har gjort gjennom dei åra medium og kommunikasjon har eksistert, seier styreleiar i Mediepedagogene Elisabeth Sølvberg Aase. Ho fortel at møtedeltakarane var samde om at mykje av dette burde gjelda vidare, sjølv om ein no anar ei omlegging frå yrkesfagleg veg til ein vesentleg sterkare teoretisk vri ut frå Stortingsmelding 20.

– Det må kunne gå an å laga eit løp som tek opp i seg mykje av det gode ved dagens MK! er meldinga ho kjem med etter møtet.

Til stades var representantar frå Faglig råd for medier og kommunikasjon, Opplæringskontoret for visuell kommunikasjon, LO Utdanning og Norsk industri og Mediepedagogene.