Tema for dette undervisningstipset er kamerateknikk og korleis elevar kan lære seg å ta fine bilete. Tipset kjem frå Iris Engen Skadal, som underviser i foto og grafisk design ved Akademiet VGS. Ho har laga to presentasjonar med presentasjonsverktøyet Prezi til fritt bruk. Eg brukar prezien som ein spennande, illustrerande og informativ presentasjon av stoffet. Her finnast mange bilete, både av fotokameraet og eksempelbilete som illustrerer dei ulike innstillingane.
Presentasjonen gjer det lettare å illustrere og presentere stoffet, og er fin å sjå på.
Kamerateknikk
Ein prezi-presentasjon om korleis fotokamera fungerer:
http://prezi.com/yweknd5fzqrp/foto/
Lyssetting og komposisjon
Ein prezi-presentasjon om korleis ein kan ta fine bilete:
http://prezi.com/dz8dpe2sn3-j/fotografi-komposisjon-lyssetting/
Undervisningstipset er innhenta av redaksjonsrådsmedlem Marie Havnen, masterstudent i medievitskap ved UiB.
- LES OGSÅ Undervisningstipset #1: Bruk filmen «Offside» i undervisinga av filmatiske verkemidlar og filmanalyse