Aud Jorun Skjerven ved Lægreid skule tilrår Biletordboka 3 frå Statsped. Ho nyttar henne saman med framandspråklege elevar og i spesialundervisning i norsk og engelsk. 

Av Aud Jorun Skjerven

Eg har brukt Biletordboka 3  til framandspråklege elevar og i spesialundervisning i norsk og engelsk. Til framandspråkundervisning er dette undervisningsmaterialet eitt av få som finst på nynorsk.

Ord og bilete
Biletordboka 3 kan lastast ned på bokmål og nynorsk, og er inndelt i sju tema med ca ti detaljerte ”biletsider” til kvart. Til kvar biletside er det ei liste med ord. Eleven kan undersøke detaljar i biletet og tilhøyrande ord ved å klikke med musa. Samanhengen mellom bilete og ord vert tydeleg illustrert, og ein kan høyre uttalen av ordet ved hjelp av talesyntese. Når eleven har lært orda, kan ein arbeide vidare og teste kunnskapen på ulike måtar, både auditivt, munnleg, visuelt og skriftleg.

Ein kan også arbeide med same tema og ord på andre språk t.d. engelsk.

bildeordboka3-1bildeordboka2-1bildeordboka4-1

Last ned

Biletordboka kan lastast ned frå Statped sine sider.

bildeordboka4-1

bildeordboka-1

Aud Jorun Skjerven underviser i språk/norsk for framandspråklege/spesialpedagogikk ved Lægreid skule i Eidfjord. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

http://www.statped.no/Tema/Sprak/Hjelpemidler-/Programvare/Billedordboka-3/

 

 

Eg har brukt Biletordboka 3  til framandspråklege elevar og i spesialundervisning i norsk og engelsk. Til framandspråkundervisning er dette undervisningsmaterialet eitt av få som finst på nynorsk.

 

 

 

 

Eg utfordrar:

Navn: Torill Viken

Skole: Skranevatnet skole

 

 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.