[tilt] på nett

Styret i LMU har bestemt at tidsskriftet [tilt] skal komma ut på www.lmu.no som pdf-fil i 2010. Denne [tilt]-varianten skal liggja tilgjengeleg for alle på nettstaden. Det er eit økonomisk løft å produsera tidsskriftet på papir, så i år gjer me ein vri for å frigjera økonomiske midlar til anna bruk i arbeidet vårt.

Nokre vil seia at det er noko heilt anna å fordjupa seg i eit medlemsblad ein held i handa, enn å gå inn på nettet og lesa stoffet der. Andre vil hevda at sidan papirutgåva av [tilt] har vore  eksklusivt for medlemene, burde nett-[tilt] vera tilgjengeleg via passord for desse, slik at ein kunne få  noko ekstra ved å betala årskontingenten.
Argumenta mot den nye vrien er skjønalege.

LMU arbeider først og fremst for medielæraren, og for å styrkja medieemne og mediefag i norsk skule. Dette tyder i praksis at organisasjonen gjer ein viktig jobb på mange felt gjennom året. Så langt i 2010 kan ein mellom anna visa til følgjande:

  • sende høyringssvar i høve til læreplanendringar (norsk, samfunnsfag, engelsk i 2010)
  • hadde møte med  kulturkomitémedlem på Stortinget for å synleggjera trongen for høgare, årviss økonomisk stønad frå Kulturdepartementet
  • sende protestbrev til Buskerud fylkeskommune i knyting til fylkeskommunen sine planar om å leggja ned medium og kommunikasjon-utdanningsprogrammet på tre skular i fylket
  • arrangerte kurs mellom anna på NKUL-konferansen
  • arrangerte den årvisse Landskonferansen i Bergen for medielærarar i den vidaregåande skulen for 6. gong, med mellom anna faglege diskusjonar

Nett-[tilt] er eit eksperiment.
Styret vonar at mange ser at organisasjonen gjer mykje fornuftig arbeid, og at dei av den grunn ynskjer å vera medlem vidare. Medlemskapen er vel kanskje ikkje heilt avhengig av om ein får [tilt] på papir eller ikkje?? Eller om ein får tilgang via passord eller ikkje?

Styret er interessert i å vita kva medlemene tenkjer om ei slik omleggjing. Du er velkomen til å ytra deg!
Meld i så fall frå til redaktøren, perilie@mac.com, i kommentarfeltet under eller i diskusjonsforumet vårt.

Elisabeth Sølvberg Aase

(Frå Leiaren i første nummer av [tilt] på nett)