Eg er fersk stipendiat ved Høgskulen i Volda og skal dei neste tre åra forske på medielærarane i Medium og kommunikasjon sine eigne oppfatningar og opplevingar av si lærarrolle. Etter å ha møtt og diskutert med mange lærarar på feltet – både gjennom å ha undervist på ei medieutdanning (Media, IKT og design i Volda) som utdannar lærarar til MK, gjennom å ha hatt kollegaer som har arbeidd på feltet, og også gjennom å ha undervist og vore praksisrettleiar i mediedidaktikk på PPU i fleire år – ønskjer eg no å gjere ei meir systematisk undersøking som får fram lærarane si eiga forståing av jobben dei gjer. Ola Erstad ved UiO er hovudrettleiaren for prosjektet.

Eg ønskjer å følgje fleire kollegium og både intervjue og observere korleis MK-lærarane arbeider. Ut over den nasjonale kartleggingsundersøkinga av elevrolla og produksjonspraksis i MK som Ola Erstad, Øystein Gilje og Thomas de Lange gjennomførte i 2006/7 (Morgendagens medieprodusenter) er det gjort svært lite forsking som går spesifikt på MK. For å få fram eit heilskapleg bilde av kva MK er og bidreg med på utdanningsfeltet, meiner eg det er viktig å få samla kunnskap også om lærarrolla. Eg håper de som er lærarar på MK meiner det same, og at de vil møte meg med velvilje når eg no etterkvart vil ta kontakt med dykk for å samle grunnlagsdata som eg seinare kan velje kollegium ut frå.

Mvh Synnøve H. Amdam
StipendiatHøgskulen i Volda/UiO
sha@hivolda.no

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.