Medielærar og dokumentarfilmskapar Oddbjørn Hofseth meiner at videoproduksjonen i dag er demokratisert, i alle fall teknisk sett.

No vil han med kurset Introduksjon til dokumentarfilm på Folkeuniversitetet i Oslo hjelpe andre til å utvikle sine evner og idear til å lage eigne dokumentarfilmar, utan at dei må gå fleire år på filmskule av den grunn, fortel Hofseth.

– Det er ein grundig og fagleg omfattande inngang til dokumentarfilm. Etter kurset vil deltakarane vere rusta til å lage sin eigen film viss dei vil det, og dei vil ha eit nytt syn på dokumentarfilm. I tillegg vil dei ha omfattande analyseverktøy, slik at dei vil vere i stand til å sjå og bedømme dokumentarfilm på eit langt meir avansert nivå enn ein lekmann, seier Hofseth.

Oddbjørn Hofseth
Ivrig: Oddbjørn Hofseth er utdanna dokumentarfotograf frå NISS og har fleire års erfaring som lærar.

Hentar film frå arkivet

Undervisinga er lagt opp til å gje rom for diskusjonar og det vil bli vist mange filmdøme frå kurshaldaren si eige samling.

Alle som er interesserte kan delta og eige utstyr er ikkje naudsynt. Ein treng heller ikkje teknisk kompetanse for å fylgje kurset, då kurset ifylgje Hofseth vil bli gjennomgått på ein praktisk-analytisk måte.

– Eg er også oppteken av å vise dokumentarfilm som deltakarane ikkje har sett, og viser filmar
som ofte er vanskeleg tilgjengelege.

Doku til folket

Sjangerlære, dokumentarfilmhistorie, idéutvikling, lyd som forteljarelement og intervjuteknikkar er berre noko av det som vil bli  gjennomgått på kurset. Undervisinga er lagt opp til å gje rom for diskusjonar.

–  Eg syns også at folk flest har dei mest spennande historiene og mykje vert aldri fortald. Ved hjelp av dokumentarfilm kan dei freista å fortelje desse ukjende historiane.

– Film er eit utruleg sterkt medium, påpeikar Hofseth, som hadde verdspremiere på dokumentarfilmen sin Once Upon a Time in Norway ved BIFF i 2007.

Oddbjorn Hofseth
Aktiv: Hofseth i aksjon.

Nyttig kompetanse

Kurset er opent for alle har interesse for dokumentarfilm, anten med tanke på å lage ein sjølv, for å lære meir om sjangeren eller medielærarar som vil ha fagleg påfyll.

Hofseth trur også at det kan vere nyttig for journalistar og akademikarar å lære om dokumentarfilm, for så å kunne bruke det vidare i yrka sine.

– Kurset passar for kven som helst som har ein liten idé dei vil gjere noko med, men som treng ei lita innsprøyting med kunnskap og inspirasjon.

Kurset har planlagt oppstart allereie i morgon 13.mars.

Det er framleis eit par ledige plassar att. Les meir om kurset og påmelding på Folkeuniversitetet sine nettsider her

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.