Etter kvart som teknologien utviklar seg, veks det fram fleire moglegheiter for «cloud-redigering».
Men kva er det?
Enkelt forklart knyttast omgrepet til datalagring og dataprosessering på ein server som ikkje er din eigen pc. Det kan vere ein data stasjonert hjå naboen, i Oslo eller på andre sida av verda.
Fordelen ved bruk av cloud computing er lagringskapasitet og -prosessering, noko som er naudsynt ved handsaming av store datamengder. Det ein lagar blir heller ikkje lagra på din eigen pc, men i skya. Ein har naturlegvis moglegheit for å laste ned filene.
Tilpassa etter behov
Ofte er redigeringsprogramma gratis for ei viss tid eller ein viss mengde data, og ein kan oppgradere seg alt etter kva behovet er. Det gjev også moglegheit til å kunne redigere video kor som helst ein er, så lenge ein er tilkopla til internett. Ein idé for klasserommet, kanskje?
Her er ei liste over moglege verkty: