Mediepedagogene: Delt syn i MK-satsinga

Måndag 15. april er det høyring ein heil dag i Stortinget når det gjeld Stortingsmelding 20, På rett vei.

Undervisningskomiteen har invitert landsdekkande organisasjonar til å leggja fram syn på ymse aspekt i meldinga. Mediepedagogene er blant desse.

Me har soleis meldt på og fått godkjent to personar som skal halde framlegg:

  • Kari Jørgensen skal forklara kvifor det er svært uheldig etter mange si meining å leggja ned det yrkesretta utdanningsprogrammet medier og kommunikasjon.
  • Steinar Topland representerer medlemmene i Mediepedagogene som meiner framlegget frå Departementet på mange måtar verkar som ei grei retning.

Sidan Mediepedagogene har ein del medlemmer som meiner ulikt her, møter to frå oss som representerer ulike ståstader.

Les også: