Les om kvifor Mediepedagogene stiller med to representantar i høyringa om MK

Mediepedagogene er ein interesseorganisasjon. Det betyr at ein skal ivareta interessene til medlemmene i organisasjonen.

Som Mediepedagogene skreiv denne veka, blir det høyring ein heil dag i Stortinget på måndag angåande Stortingsmelding 20, På rett vei.

Dei radikale endringsforslaga for utdanningsprogrammet medier og kommunikasjon (MK) er blitt motteke av medlemmene våre på ulike måtar.

Representerer interessene

Overordna kan det seiast at motstanden mot forslaget har vore enklare å identifisere i mediebiletet.

Uansett er det altså ulike syn på saken, og Mediepedagogene som interesseorganisasjon har kome fram til at begge flankar skal få høve til å uttale seg i høyringa måndag.

Difor stiller me som tidlegare nemnt med to representantar frå ulike ståstader, Kari Jørgensen og Steinar Topland.

Om representanane

Kari Jørgensen. .no

Kari Jørgensen

Kari Jørgensen er ein erfaren og engasjert lærar ved Medier og Kommunikasjon (MK) på Elvebakken Vgs. Ho representerer flanken som er imot forslaget, og skal soleis fronte dette under høyringa måndag.

Saman med kollega Helene Samuelsen står ho bak oppropet om å bevare utdanningsprogrammet MK. Over 600 personar har skrive under.

Steinar Topland.
Steinar Topland.

Steinar Topland

Steinar Topland har mange års fartstid som mellom anna medielærar og ass. rektor, hovudsakleg ved Bergen Handelsgymnasium (BHG). Han har bakgrunn frå fjernsynsproduksjon og har undervist både i Reform 94 og Kunnskapsløftet.

Dei seinaste åra har BHG tilbydd MK som studiespesialiserende fag, altså det som regjeringen føreslår. Resultata har vore gode og lærarane nøgde.

Med mellom anna dette som utgangspunkt, representerer Topland medlemmer som meiner at forslaget kan vere fordelaktig.