Kva er god læring og kvar føregår det?

Fagleiar Margreta Tveisme ved Nordahl Grieg vgs stiller seg spørsmåla. 

All tekst henta frå blogginnlegget til Tveisme på bloggen hennar «Skulebloggen».

Det pågår ein ganske intens debatt i media om databruk i skulen. Lars Vavik gjorde koblinga mellom PISA-resultata og IKT-bruk i Dagbladet før jul, og sidan har fleire slengt seg på, seinast Eva Grinde i Dagens Næringsliv på fredag. I går publiserteIngunn Kjøl Wiig, Henning Lund og Gunnar Hovde eit svar i Klassekampen, der dei gir konkrete døme på korleis god IKT-bruk kan skapa meirverdi i klasserommet. Eg vil gjerne gå litt bak debatten, og stilla nokre spørsmål om premissane for den. Kjernen i kritikken synest å vera distraksjon. Elevane forsvinn ut i sosiale medier og klarar ikkje å konsentrera seg om læringa. Læraren misser kontrollen.
Photo 23.01.14 20 47 48

Sju ulike prinsipp

Men kva er eigentleg læring? Kvar føregår læring i 2014, når føregår det, og er det same som det alltid har vore? Vi veit ganske mykje om dette, både pedagogisk forskning og hjerneforskning har gitt mange svar.  I OECD-rapporten “The Nature of Learning: Using Research to Inspire Practise” (2010), som er ein metastudie der ein samlar ulike forskningsperspektiv og analyserer dei, kjem ein fram til sju ulike prinsipp for eit godt læringsmiljø, der alle sju må vera tilstades. Eg tilrår ein kikk på denne rapporten, og på oppfølgaren, Innovative Learning Environments (2013).

Elevar og leiarar på Skype

I 2014 føregår læring mange ulike stader. Teknologiutviklinga i samfunnet gjer at omgrep som “blended learning” og “informal learning” er mykje drøfta. Grensene mellom skule og heim, leik og læring er i oppløysing. Elevar kan kommunisera med kvarandre om lekser på ettermiddagstid, og også med læraren. OECD-rapporten opererer også med omgrepet “Horisontal Connectedness”, som handlar om at læringsmiljøet på skulen opnar seg mot omverda, ein kommuniserer med andre skular,  næringsliv, foreldre. Alt dette vert enklare og meir umiddelbart ved hjelp av teknologien. For å ta ein døme: Elevar reiser på ein heilt vanleg ekskursjon til ei bedrift. Etterpå skriv dei rapportar. Dette er skule slik vi kjenner det. Men rapporten vert skriven i eit googledokument, og ein tilsett i bedrifta kjem inn i dokumentet og kommenterer. Til slutt har elevar og bedriftsleiaren eit Skypemøte der dei evaluerer prosjektet. Her har ein altså brukt teknologien til å kommunisere effektivt med omverda og gi meirverdi til eit læringsprosjekt.

– Læring har alltid eit sosialt element

OECD-rapporten slår fast at læring er grunnleggande sosialt. Vi lærer av og med kvarandre. Det tyder ikkje at ein aldri skal sitja aleine og konsentrera seg, men læring har alltid eit sosialt element. Her kan også teknologien gi store gevinstar. Elevar jobbar saman med ei oppgåve i eit googledokument. Dei hjelper kvarandre med dei ulike delane av oppgåva, i staden for å skriva kvar sin del og så lima i hop til slutt, kjenner alle ansvar. Læraren er også inne i dokumentet, og kan sjå kven som skriv kva, om nokon treng ekstra hjelp eller om ei gruppe ikkje ser ut til å fungere. Dette er kvardagen i mange norske skular.

Distraksjon

Debattinnlegga eg refererte til synes å bygga på ein ide om eit isolert klasserom, med ein lærar som er den einaste kjelda til kunnskap – i tillegg til læreboka. Elevane sit og les eller høyrer etter. Slik lærer dei. Men dette er ikkje eit realistisk bilete av eit norsk klasserom i 2014, det er heller ikkje eit ønskeleg rom, om ein vel å ta læringsforskning alvorleg.
Er ikkje distraksjon eit problem? Jau, sjølvsagt. Det er det for oss alle i 2014. Magnus Sandberg skriv godt i Dagbladet om Howard Rheingolds bok “Net Smart” og det han kallar “Crap Detection”. Rheingold viar faktisk heile det første kapitlet i boka til problematikken rundt det å stadig vera pålogga, og ikkje vera her og no i sitt eige liv. Skulen kan hjelpa elevane til å reflektera over dette. Det er fint m dagar som startar med t. d. konsentrasjonsøvingar eller stille lesing. Vi treng å ta kontroll over våre eigne liv, og vera medvitne om når vi gjer kva. Dersom ein tek teknologien ut av skulen, tek ein mange læringsarenaer bort frå elevane, og reduserer høva dei har til å samarbeida og vera kreative. Ferdigheiter OECD jobbar med å få inn i PISA-målingane. Eg berre nemner det.
All tekst henta frå blogginnlegget til Tveisme på bloggen hennar «Skulebloggen».