Onsdag 10. mai er det klart for Medielærarseminaret 2023

Troldtog er reservert i Grieghallen, og programmet er så og seie i boks. 

Medielærarseminaret blir arrangert i Grieghallen i Bergen onsdag 10. mai, og er ei samling for alle medielærarar i norsk skule. Programmet startar klokka 9 og varer til 15.30. 

I år blir programmet todelt, der fyrste bolk handlar om ny teknologi i klasserommet.

Her får du høyre korleis Bergen katedralskole bruker VR i undervisninga. Eller kanskje er du nysgjerrig på korleis du skal flette escape room inn i undervisninga di? Her får du tips til små og store gåterom frå Volda vidaregåande skule og NDLA. 

I andre del ser me på ytringsfridomen og trugslane den står overfor i møte med politisk korrektheit. For kva kan me seie i klasserommet i dag? Korleis kan me ytre oss for å ikkje støte elevane, og kva type tekstar kan me ta med oss inn i undervisninga? Professor Jens Kjeldsen frå Universitetet i Bergen og Alex Iversen frå TV2 diskuterer temaet. 

Medielærarseminaret er lagt til dagen før Nordiske Mediedager, der du som medielærar får rabatt på konferanseavgifta.

Håper me ser deg i eit vårprega Bergen i mai!

Registrer deg her no for å sikra deg plass

https://www.deltager.no/event/medielaererseminaret_2023_10052023

Mediepedagogane er klar over at enkelte deltakarar ønskjer å betala med faktura. Dersom du ønskjer å nytta faktura for betaling, blir du beden kontakta oss på post@mediepedagogene.no slik at me kan senda deg faktura. Dersom du nyttar deg av faktura, treng du ikkje å nytta lenkja under. Betalingsfristen for faktura vil vera 15. april, same som ordinær registrering og betaling. Me jobbar med Elektronisk handelsformat (EHF). Me må ha namn på dei påmelde og adresseinformasjon, organisasjonsnummer, referansenummer og referanseperson.